Tone Ollestad - Korleis syklusen påvirker ALT
Kjøp billettar
Om arrangementet
Tone Ollestad - Korleis syklusen påvirker ALT
Sexolog og parterapeut Tone Ollestad er dama bak den populære kanalen «Kvinnemanualen» i sosiale medium. Ho formidlar kunnskap om kroppen, psyken og seksualiteten til kvinner. Resultatet er at kvinner kan forstå seg sjølv betre, at menn lettare kan forstå kvinnene i sitt liv og at leiarar, kollegaer og arbeidsgivarar i større grad kan forstå korleis ein kan ta omsyn i arbeidskvardagen – til glede og nytte for alle.
Tone held engasjerande føredrag om korleis syklusen til kvinner påverkar alt og kor viktig det er å setje grenser. Kvinner og menn er hormonelt svært ulike. Medan menn følgjer ein syklus på 24 timar, følgjer kvinner ein syklus på 28 dagar. Dette er noko som påverkar humøret, produktiviteten og energinivået deira. Men når kvinner ignorerer denne indre rytmen, fører det til frustrasjon, emosjonelle utbrot og utbrentheit.
Med dei fengslande forklaringane til Tone Ollestad vil kvinner kjenne seg att i korleis dei har jobba mot kroppen sin og ikkje med den. Kombiner hennar enkle steg i å formulere og setje grenser, og du har ei oppskrift på eit meir harmonerande og effektivt arbeidsmiljø.
Varigheit ca. 1 time med moglegheiter for spørsmål frå salen eller på førehand på menti.com med pin 3341 9782.
