Fritidsklubb

I Plogen kulturhus opnar ein heilt ny fritidsklubb!
Her ventar eit miljø der du kan treffe nye folk, henge med vener og vere ein del av noko som er i ferd med å ta form. Lokalet er fylt med gode moglegheiter, og vi lovar ei stemning som gjer at du får lyst til å kome tilbake.

Fritidsklubben blir ein plass der du kan vere deg sjølv, prøve nye ting og vere med på å skape innhaldet vidare. Ingenting er spikra – og nettopp derfor er dette ein perfekt sjanse til å vere med frå starten av. Dørene opnar 21. november, og vi gler oss til å sjå kven som blir med på å gi klubben liv.