Informasjon om Plogen kulturhus og plogen kultursal
Klepp kommune byggjer nytt kulturhus og samlar all kommunal verksemd under eitt og same tak. I tillegg skal huset kunne nyttast av lokalt kultur- og foreiningsliv, og vil framstå som eit hus for alle. Det nye huset har fått namnet Plogen kulturhus.
I det nye kulturhuset blir det òg bygd ein ny kultursal. Kultursalen blir den mest fleksible salen på heile Jæren og vil ha svært allsidige og breie bruksområde. Salen vil kunne nyttast til alt frå konsertar og andre framsyningar til foredrag, seminar, konferansar, utstillingar og messer. Han vil i tillegg ha funksjon som kommunestyresal og seremonisal.
Salen vil vere eigna både for sitjande og ståande publikum. Det blir nemleg installert skyveamfi i salen for arrangement med sitjande publikum. Skyveamfiet blir trekt ut når det skal arrangerast noko for sitjande publikum, og trekt inn når det er behov for eit lokale med flatt golv, anten det er ståande konsertar, utstillingar, messer eller anna. Salen kan òg riggast med bord og stolar når skyveamfiet ikkje er i bruk.
Når det gjeld akustikk, blir salen utstyrt med eit moderne digitalt klanganlegg som gjer at salen akustisk sett kan skreddarsyast for nær sagt alle behov – både lydsvak og lydsterk musikk, kor, kammermusikk, pop og rock.
Salen er òg til utleige for kultur- og foreiningslivet, kulturaktørar og kommersielle aktørar. Prismessig er salen særleg tilrettelagd for det lokale frivillige kulturlivet.
Tekniske spesifikasjonar for Plogen kultursal
BREIDD:
16 meter
LENGD:
21 meter (inkludert galleri)
HØGD:
11,5 meter opp til limtrebjelkane
GALLERI:
Fast galleri med maksimal takhøgd på 4 meter og ei djupn på 4,5 meter.
SKYVEAMFI:
Framfor det faste galleriet er det eit fleksibelt uttrekkbart amfi som kan trekkjast om lag 11 meter ut i rommet.
PUBLIKUMSKAPASITET:
Sitjande publikum: 365 personar (300 i amfi + 65 på galleri)
Ståande publikum / flatt golv: 510 personar
SCENE:
Ingen fast scene. Flatt golv (ca. 10 x 16 meter).
AKUSTIKK:
Etterklangstid på 0,8 sekund.
ETTERKLANGSSYSTEM:
Salen er utstyrt med eit elektronisk etterklangssystem, Amadeus Hub2 (AAS), som kombinerer regenerativ og in-line-teknologi for å gje ein mest mogleg naturleg akustikk. Systemet gjer det mogleg å variere etterklangen frå 1,0 til 2,2 sekund (EDT) i heile romvolumet.
KLAVER:
Flygel: Steinway C 227
Piano: Schimmel konsertpiano K 122E
